Ø 7.1 Fysisk aktivitet (nynorsk)

Fysisk aktivitet styrkjer helsa og motverkar sjukdom. Fleire undersøkingar tyder på at vi rører oss for lite. I dette forsøket skal du undersøkje kor fysisk aktive elevane på skolen din er.

Framgangsmåte

For å finne ut kor fysisk aktive elevane på skolen er, vil vi spørje om kor mange gonger dei trenar kvar veke. Vi bestemmer oss for berre å spørje elevane i klassen. Svara skriv vi inn i ein tabell.

 

Her er forslag til skjema:

Sett kryss de dagane du trenar Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn Sum treningar per veke
Trening                

 

Resultat og konklusjon

a) Kopier tabellen i kladdeboka og skriv inn resultata.

 

Treningar per veke Elevtal
Ingen gonger  
Éin gong  
To gonger  
Tre gonger  
Fire gonger eller meir  


b) Kommenter resultata og vurder om det kan vere feilkjelder. Trur du at resultata ville ha vorte annleis om du hadde spurt fleire elevar? Burde du ha spurt om kor lenge dei trenar kvar gong?

c) Trur du det er nokon skilnad på kva aktivitet gutane og jentene vel når dei skal trene?

d) Planlegg ei ny undersøking der du kan finne ut kva former for trening som er mest populære i klassen din.